Stikkord

, , , , , , , ,

marta dalenMarta sat og venta på meg.  Ho sat på rommet sitt på Røldal Aldersheim og skulle fortelle om då ho brevveksla med Dagfinn Grønoset.  Han var berømt på  den tida.  Marta var 93 år, og var kvit i håret.  Ho hadde  uendelege auger.  Blå, blå, uendeleg blå.  Som den kjolen ho bar. Ho kunne se nutane i vest, ho hadde det bra, sa ho.  «Gutane sa eg var like god som ei brennevinsflaske», sa Marta og lo hjerteleg.  Ho fortalde om tida ho hadde kokt på anlegg, det var så mangt.  Ho hadde hatt slike gode foreldre.  Det var i dei seinare år hun hadde brevveksla med Grønoset,  han hadde skrevet om Anna i Ødemarka.  Ein dag stakk han innom og dei hadde snakka om likt  og ulikt.

Marta reiste seg og gjekk bort til kleskapet.  Ho henta fram eit rosemalt skrin. Det sto made in Hongkong på undersida.  Ho satte seg og la skrinet i fanget.  Og så så ho på meg og spurte om eg ville sjå nokre bilder.  Ho tok eit og eit bilde fram, det var ikkje så mange.  Eit av ho sjølv og søstera,  dei dreiv med hesjing.  Ho hadde ein og annan kommentar til bildene.  Til slutt var det eit bilde igjen.  Ho gav bildet til meg.  Det var eit gulna av ein ung mann.  Bilde var tatt av ein fotograf.  «Ka tykjer du om han», sa ho.  «Det var ein stram kar», sa eg og såg opp.  Marta hadde rødma.  Ho såg på meg ein stund og så sa ho:  » Han var min store kjærleik.» Marta rødma igjen. Og det slo meg at den 93 år gamle kvinna elska den unge mannen frå Seljord framleis.  Det var ingen andre enn han.

Bildet var tatt i 1899 i Seljord. Marta hadde truffet han der.  Midtsommernatta 1901 hadde dei sittet under eit tre heile natta.  Da morgonen kom gjekk han. Dei to visste at han skulle til Amerika.  Han var 19 år.  Han skulle reise sammen med familien.  Marta gråt, med dei skulle skrive til kvarandre.  Og det gjorde dei. Dei første årene skrev dei ofte, sidan kom brevene frå Amerika sjeldnare og sjeldnare.  Til slutt kom det ikkje fleire brev.

Det var gått 72 år.  Marta var 93 år no.  «Han er min store kjærlighet»,  sa ho.  Nokre veker seinare døydde Marta Dalen.

(Historien om Marta Dalen ble gjort i 1973.  Den var med i «Den første harding» i 1994 og ble sendt i bloggen i april  2010)

Reklamer