Stikkord

, , , , , , ,

Et trillrundt minne om det rare som har vært her.

Et trillrundt minne om det rare som har vært her. Og som er her fortsatt. La den få bli.

Ei jettegryte og ein fabrikk, ein levning etter ei anna tid, noe å undrast over for dei av oss som ser den trillrunde gryta som er igjen. Det er knapt andre enn dei som er spesielt interessert eller dei som av ulike grunnar kjem over gryta meir eller mindre tilfeldig. Truleg har jettegryta dukka opp omlag for 30.000 år sida. Isen smelta og laga elver som skape virvlar i tung vassføring under isen. Og slik holdt dei det gåande nokre tusen år, laga trillrunde «visittkort» etter seg og fekk folk til å tru på vetter og troll og anna skrømt.  Heilt til dei skjøna samanhengen.

Jettegryta som er att i Odda finn du på Eitrheim, aust for Boliden, tett oppunder vegen inne på bedriftsområde.  Området som for ikkje altfor mange år sidan var ein holme ute i Sørfjorden. Eg trur det var to jettegryter her. Det var stupebrett her og det var kaldt i vatnet og langt å svømme. No er Geitholmen, eller berre Holmen, landfast og heile området er eit digert industriområde. Men jettegryta har til overlevd.

Andre stader har svære jettegryter blitt tatt godt vare på, i Telemark har dei jettegryter som eit naturleg badeland og i Rullestadområdet er det fleire jettegryter. Og vi har ei industrijettegryte. Og den var på Eitrheinsneset lenge før nokon visste kva sink var.

Advertisements