Stikkord

, , , , , , ,

Buerdalen1Eg sat i stova oppe på Buer ein dag i midten av 1990-åra. Jørgen Buer fortalde meg om isen vi såg der vest. Eg hadde lest at breen ville auke. Dei voldsomme snømengdene og det milde og våte været dei to siste vintrane -1993 og 1994 –  måtte då få breen der oppe til å auke. Jørgen sa både ja og nei. Tyngden av all snøen dei to vintrane pressa kantane av breen lenger ut, men Jørgen Buer trudde ikkje at breen auka. Han trudde at breen minka. Sa han. Og eg skjøna ikkje noko. Men Jørgen Buer hadde budd på Buer heile sitt liv. Kjende breen betre enn nokon og hadde levd med isen og vestaværet her tvers av Oddadalen heile sitt liv. Det er nokon voldsomme krefter i isen, sa Jørgen og fortalde at han hadde sett isen løfte eit heilt berg – knakk fjellet i to og lyfta det opp som det var ei luftboble. Berget var større enn Hovdensteinen. Jørgen hadde ført folk utallige gonger sikkert inn og ut av breen. Han fortalde om korleis han henta gras, for, til dyrene opp i fjellsidene. Hadde klatra oppetter bergene og funnet høy på små flatar. Han hadde hatt med seg hunden, ein Samojed, ein sterk og klok hund. Han kløvde høy både på seg sjøl og hunden. Det var eit slit. Eg spurde om Tjerand Aske. Denne merkelege mannen som dei sa hadde kome frå breen og til garden på Buer ein vinterdag med ein sykkel på skuldrene.

Han fraus ikkje

Jørgen smilte då han fortalde om Tjerand Aske. Han og faren hadde arbeidd med ein mur. Det hadde kommet tungt med snø, det hadde låge eit meter på bakkane. Det var rundt nyttår i 1931. Det fantes ikkje spor etter folk eller dyr inn mot breen. Men det var der Jørgen såg spora, spor kom ned frå breen. Faren trudde ikkje på han med det samme. Men snart kom det ein kar bærande på ein sykkel. Og etter litt helste dei på han: Tjerand Aske. Dei bad han inn i huset, gav han mat og fekk tørka støvlane hans. Tjerand Aske var glad for hjelpen,  men han fraus ikkje. Han skulle til ein landbrukskule på Utne i Ullensvang. Sjøl kom han frå Borgundøy og var fiskar, sa han og takka fint for seg. Litt etter sykla han nedover Buerdalen til han kom til ei utløe, der la Tjerand seg til for natta.  Historien om Tjerand Aske er seinare fortald både i bloggen og andre stader. For Jørgen Buer var han eit underleg møte ein dag like etter nyttår i 1931.

Reklamer