Stikkord

, ,

Sta, tverr, sur — Trump

Det er lenge sidan nokon har sagt noko om Donald Trump, det har vore omlag to timar sidan TV2 og NRK har brydd seg om han. Vi trenger å få høyre og sjå denne sannhetssøkjande mannen oftare. Det beste med Donald er at han innimellom snakkar nokonlunde sant, heilt sant. Rett nok har det vore i vanvare, men likevel. Og som president i Amerika har han ein eineståande til å bli det han sjøl veit han er. Han er av heile sitt gullbeslåtte hjarta – han er utan feil. Heilt feilfri. Kjemisk fri. Det er elles berre narssistar som har det slik.  Til og med lengden på det raude eller blå slipset er tilpassa lengden han har på håret. Han har så mange vener at det siste halve året har han kasta fleire av dei ut.  Vil ikkje ha noko med dei å gjere. Kinesarar, mexikanar, paven, europeerar, engelskmenn, cubanarar og noko småtteri som svenskar og ka dei no heiter alle desse som kan hindra Donald Trump å gjera Amerika «great again». Men Donald setter stor pris på dei med pengebingen, dei som får oss nordmenn til å likna på  gutunger som samlar på klinkekuler. Då snakkar vi om pengar då – Saudi-Arabia. Men det er med Saudi-Arabia som det med er onkel Skrue – det er ikkje lett å koma inn i pengebingen utan at du må betala meir enn det kostar. Og han likar ikkje – feil – han likar russarar. Ikkje godt å vite.

Elles så sparkar han godtfolk så godt han kan. Han vil heller ha dei til uvenner. Han er rasande på TV kvar dag og hyler og skriker så sjølv i «Det kvite hus» snakkar veggane. Men mest av alle er han forbanna på forgjengaren sin – Barrack Obama. Ein fin fyr – og det likar ikkje Trump.

Linda Eide, ein humørspredar frå Voss.(foto Kjersti Annedotter Stomfjord)

Apropos Trump – ifølge Linda Eide og nynorsk ordbok tyder Trump det samme som tverr, sur, sta og truleg endå meir. Linda Eide som framleis er frå Voss er noko av det beste NRK har kome over sidan Erik Bye. Sjøl lurer eg på det er ikkje  verd å seie so mykje meir om Trump. Men om Linda Eide er det mykje å seie – ho får deg å bli glad. Og det er ikkje lite det ! Eg satsar på Linda Eide. Ho snakkar så alle forstår, ho er det motsette av å være narssist. Ho lagar program som er til å få lærdom av – og til å verta underhaldt. Heia Linda !

Advertisements