Stikkord

, , , , , , , , , ,

Kyrkja i Fjæra er endestasjonen, og trøysta,

Eg har reist Åkrafjorden att og fram i årevis. Frå Fjæra til Kyrping, frå den einslege kvite kyrkja under den draumtunge fjellveggen inst i fjorden, til det opnare landet i Kyrping der fjorden brettar seg ut og blir ein del av havet. Ein strekning på 25 kilometer, ein galemattis av ein veg som tyskarane fullførde og som ingen trudde på nokonsinne få oljegrus. Ein fekk på eit vis vera glad ein levde frå den eine enden til den andre. Det var som om du var skorfesta i 60 langs fjorden. Og du sa stygge ord i bilen, du sang ikkje alltid når du snissa møtande bilar, når vadlasletto klaska i panseret og viskarane gjekk på høgaste gear. Eller du tok att eit vogntog som sklei frå den eine sida til den andre. Og det var tida for skredfåre i Skredkollen. Åkrafjordvegen har teke nokon liv. Men det var noko med denne vegen. Du fekk eit kjærleik-hat-tilhøve til vegen.  For knapt noko er vakrare enn Åkrafjorden på klare haustdagar. Og du kunne stogga i Markhus, staden med ein butikk og nokre hus og Lundal både ung og gammal. Og det finaste 17.maitog eg nokon gong har sett. I silande regn på veg til ungdomshuset på Teigland. Vi prata om det Lars Lundal og eg ein dag alle bilane ikkje lenger kom til Markhus. Dei suste inn i tunnelen – Markhustunnelen.  Den gamle vegen var tom og butikken var ikkje butikk lenger. Markhus var havna i «det svarte holet» som grender som Markhus blir ofte gjømt i . På den gamle vegen var det ikkje anna trafikk enn ein kar som heite Ivar kom trillande midt i vegen med ei handlevogn fra den nye, flotte butikken på Teigland. Tider møtte kvarandre.

Vakkert ? Ja, du verden. John Helge Rasmussen har teke eit flott bilde av «verdens» vakraste foss – Langfoss. Bildet er tatt frå Eljarvik.

25 kilometer veg. Temmelig nøyaktig halvparten av vegen går innandørs. Du har ikkje før kome ut av ein tunnel før du skal inn i den neste. Det er asfalt over det heile. Åkrafjorden er  ein reise for folk med hastverk no, frå Odda til Kyrping er det 15 minutter kortare reisetid og du ser ikkje brua over Trolljuv lenger. Trolljuv  er for dei mest spesielle, for strikkhopparane. Du har ikkje tid til ein stans på Viskjer eller Bjørkestrand. På andra sida av fjorden ligg Eikemo og Mosdal framleis veglaus. Men er det godt ver og du har god tid så stansar du og ser på Langfoss der den frådande kastar seg djervt ned hundrevis av meter mot fjorden. Og har du enno betre tid så tek du ein kopp kaffe i Eljarvik. Vi hadde betre tid før – hadde vi ikkje?  Eg likar Åkrafjorden – og i vadlaslette og skodd.

Advertisements