Stikkord

, , , ,

Ein elg i ræva. (foto eller teikning Knut Høhjelle, Namdalsavisa)

Det er ikkje enkelt når du har ei elgku snusande i ræva. Ingen veit ka ei elgku kan finne på. Arild Holm gikk ofte tur i Seljestadfjellet for rundt 20 år sida. Han var ramma av ein nokså spesiell utgåve av Parkinsons sjukdom. Den gamle fotballspilleren henta litt bær og prøve å halde sjukdommen mest mogleg i sjakk. Ofte var han åleine, andre gangar var ein kompis med han. Best han gjekk der med tankane sine fikk han auge på ein elg på ein høgde like ovanfor han. Elgen var ikkje langt unna og Arild var berre litt nervøs. Ikkje var det heilt vanleg med elg i desse traktene heller. Elgen nærma seg. Arild blei reddare, gjekk litt fortare. Elgen og. Tok nokon lange steg. Arild gjekk enno fortare, elgen og. Det var heilt tydeleg at elgen hadde sett ut Arild som eit slags offer.

Arild slapp unna den snusande kjærleiken.

Arild sprang, rett mot ei fjellhylle, kom seg opp på den smale hylla, fekk feste med ein fot og fekk med ein handa tak i eit lite tre. Og der sto han. Ikkje visste han ordet av det før elgen var der. Snuste Arild godt i baken, den må ha likt skitlukta, den holdt på ei stund og Arild sto der. Han fann kanskje ut at det ikkje var så farleg. Elgkua gneid seg mot han og var truleg meir kåt enn sint. Til slutt tok elgkua til vet og fann på noko anna å gjera. Ho rusla vekk, Arild kunne klatra ned frå «skorfeste» og komme seg til folk.

Seinare synte det seg at andre hadde og møtt denne elgkua. Og heile tida hadde kua vist stor omsorg for folk. Elgkua var folkekjær.

Advertisements