Stikkord

, , , , ,

Smelteverkstomta. Det ligg ein heil bydel og ventar på vår lyst og fantasi. Til i fjor var det 150 arbeidsplasser – 42 flunkande nye.

– I år ? 122.415, trur du ikkje. I fjor var det 100.000. Ka trur du ? eh – 122.416. Nokonlunde i nærleiken av sanninga. Ein lett tøvete prat med Jostein Soldal om Trolltunga. Ikonet i norsk natur som ligg eller heng tilfeldigvis i  Odda kommune . No har Jostein Soldal fått denna rib-båten til Odda. Ein doning som er smal som ein oselvar og raskare enn Osebergskipet. Men på laget har han båtførar Ole Jakob Mjelde Østigård og «Fjordencowboy» Joar Førde. Båten skal gå i ein slags turistfart mellom Agatunet, NVIM og Odda. Eit tilbod med stor fart, frisk luft og eit alternativ til 10 timar slit til Trolltunga. Eller noko attåt.

Joar Førde og Ole Jakob Mjelde Østigård ombord i det nye tilbodet i Odda.

For turistnæringa har nærast slått lufta ut av oddingane i løpet av to, tre år. Og alt saman er Jostein Soldal, Barthold Hagemann(han med første bildet) og Skjeggedalsfjella si skuld – eller Trolltunga. Og meir og meir den lettare turen til Lilletopp. Ei ny gammal næring har poppa opp frå steinete fjell og ein mann med godt vet og tiltak. Men Jostein Soldal må finna seg i den etterkvart utdøande generasjon av «du må’kje komma her og komma her». Den lever framleis og dessutan er Jostein frå fjorden – det er bra. For det er ei ny tid – oddingane treng å vakne, tungindustrien har ikkje vekstpotensiale meir, andre må vekse no. Og det gjer turistindustrien, men er oddingane klare ? Det handlar først og fremst ein annan måte å tenkje på. For turistane er etter alt å døme vår store framtid og då nyttar det ikkje å te seg slik at turistane elles reiser sin veg så snart dei kan. Andre – i grannelaget – gjer sine hoser både grønne og raude for å ta del i turiststraumen.

«Turistane skit i naturen og det som verre er», vert det sagt. Men turistar er som andre folk – dei må gå på do innimellom. Og då må dei få ein sjanse. Det har heldigvis kommunen arbeid mykje med. Toaletter som er stengd må opnast for folk. Det kan gjerast meir.

Forutan dette er Odda sin store utfordring i denne samanheng å få turistane til å bli verande lenger. Skapa fleire tilbod, men like mykje å få eit tilbod i midten. For vi har Røldal i vinterhalvåret og Trolltunga og Buarbreen i sommerhalvåret. Men det må komme noko i sentrum. Det var for nokre år sidan utstilt i vestibylen i Odda kino mellom anna eit mindre kjøpesenter i cyanamiden. Eit som såg føremunen med eit slikt senter med og for gågata mellom anna. Framlegget var planlagt av Gro Lavold med NVIM som oppdragsgiver.  No er dette historie. Men det hadde vore det beste framlegget. Det har kommet omlag 150 arbeidsplasser på smelteverkstomta. 42 er nye arbeidsplasser, ifølge Odda kommune. Det skjer noko, meir enn ein trur. Men det er den freda delen og bygninger som krev den fantasien som ikkje er like lett å finne i Odda – enno. Uansett ville alt vore mykje lettare om Odda kommer med i verdsarven. Ikkje minst økonomisk.

 

Advertisements