Stikkord

, , , ,

Den aller første kvinnen som toppleder i Oddaindustrien, Helene Seim. «Hailt» odding er ho og. (foto Gunn Gravdal Elton)

Det skulle gå 109 år før Oddaindustrien fekk «manne» seg opp til å sette ei kvinne førarstetet. Helene Seim frå Rødna overtok rattet på Boliden i januar i år. Ho er den aller første kvinne som direktør nokon gong i Oddaindustrien inkludert kraftselskapet AS Tyssefaldene. Berre menn. Heilt til no. Det Norske Zinkkompani A / S eller Norzink eller Outokumpo eller Boliden er samme bedriften, det er berre eigarane som skiftar navn. For i Odda heiter bedriften berre Zinken. Og menn har kommet og gått i hopetal som direktørar. Ingen av dei kunne som den siste – ha to og tre tankar i hovudet samstundes, det er noko for kvinner. Helene Seim altså, 53 år og fullstendig odding med Røldalsblod i årene. Faren var Magne Seim som gjekk bort for nokre sidan. Mora Marit bur framleis  i huset i Rødna .

Helene overtok for Dag Berg ved siste årskifte. Til då var ho produksjonsjef ved Zinken og var med i ein bedriftsorganisasjon som for to, tre år sidan hadde kniven på strupen. Det kunne ha gått skikkeleg gale. Men Helene Seim og Dag Berg og resten av staben sto beinhardt på og redda bedriften. Dei sparte inn 100 millionar på drifta. Ikkje småtteri.

Helene Seim klarar seg godt utan dei store ord og mykje merksemd. Ho vil helst vera så anonym som mogleg. Men slik er livet, det nyttar ikkje for ein direktør å gjøyme seg bort heller. Ho liknar kanskje på bestefaren Lars Eide. Han ville helst ligge i fjellet, i Jakobsbu, i vekevis.  Og Helene og Eirik og dei tre borna reiser til fjells så sant det er ein sjanse.

Zinken tok til å produsere sink i 1929, for 88 år sidan- Med Helene Seim som leiar kan det bli 100 år – minst.