Stikkord

, , , , ,

Var det bjørn eller ein vaksen kar ?

– Det var bjørn !
Telefonen kimte, den slo mot låret og eg fekk fiska den opp.
– Bjørn ??
Ja, du, detta er ein anonym telefon frå ein røldøl som bur på andre sida av vatnet. Men ikkje eit ord om det er eg som ringte. Latter. Men det har vore skutt bjørn i Røldal…….( eg tenkte automatisk på bjørnskjiten Haugesunds Avis fann og som viste seg å væra ekte mannskjit etter at den var undersøkt).
– Bjørn ? sa eg ein gong til.
– Ja, du veit Kristine Berge, ho som vart 108 år, ho var fødd i 1894, var vitne til bjørnedrapet i 1906. Ho var tolv år, og endå ein som døydde 99 år gamal fortalde at han som 10-åring var vitne til dette. Då du intervjua Kistine, fortalde ho om dette ?
Ho gjorde ikkje det. Synd. Kristine gjekk bort – 2002. Men ho hadde opplevd dette, og ho var ikkje den einaste. Krisine hadde og opplevd den første bilen som kom til Røldal og. Det fortalde ho om. Det og var i 1908. Det var den einaste bilen som kom gjennom bygda det året. I Odda var det ikkje nokon, sa dei. Det er nokon fleire no.

Men Kristine hugsa både den bjørnen dei skaut og den første bilen i Røldal. Det var i 1906. Då var ho 12 år gamal.

Offisielt vart den siste bjørnen skoten i Hardanger i 1905, i Ulvik. Per Jordal frå Odda var med og skaut bjørnen.  Lenge før den tid var det mykje bjørn, særleg på austsida av Sørfjorden. Trond Hildal felte 13 bamsar på Hildalstølen, i Skjeggedal vart det felt bjørn. Det har vore sett bjørn i nærleiken av Jondal like etter krigen, på Eitrheim vart ein bjørn jakta i hjel på 1800-talet. Jon Strand såg bjørn på stølen i 1970-åra og me veit sikkert sau vart drepen av bjørn på Strand i mai 1987.

Kristine Berge var ei av dei mange som på eit vis batt saman gamal og ny tid, som fortalte frå ei tid bilen, eller automobilen som er det rette navnet, var ein sensasjon. «Eitkvart hendelse», som dei sa.

Elles var altso bjørneskjiten som var funne i siste del av 1990-åra frå ein skikkeleg trengd gubbe som hadde grafsa i seg for mange blåbær. Det har eg bjørnforskar Kåre Elgmork sine ord på.

Reklamer