4 tanker om “Kontakt”

  1. Kåre Eik said:

    Det burde vore laga film om friluftsmannen og legenden Tjerand Aske (1906-1976). Han var ein uvanleg gåverik person, både fysisk og mentalt. Sykkelturen over Fonno starta frå Rosendal 1. januar 1931, og målet var Hardanger Jordbruks og Fruktdyrkingsskule på Hesthammar. Ein ungdom frå bygda viste veg og bar sykkelen opp i Bjørndalsområdet. Fyrste delen over sjølve Fonno sykla han på godt skareføre.
    Kilometerteljaren viste 8 km då han måtte stå av sykkelen i laussnøen. Han var då halvvegs. Han hadde vikla jutesekker rundt sykkelhjula for å få betre bereevne, kansje dette var den fyrste offrodaren? Tvers over sykkelstyret hadde han bunde fast ei bambusstang som skulle berga han dersom han sykla ned i ei sprekk. Resten av turen gjekk han på ski med sykkelen på ryggen. Han hadde kalkulert med 36 timar frå Rosendal til Buar, men brukte 33. At mjølkeflaska fraus var visst einaste planleggingsmissen. Frå Buar sykla han til Børve og fekk roskyss til Velure. Mykje meir kunne vore sagt om «den kvite Geronimo» som arbeidskameratar i Sunnhordland kraftlag kalla han. Då han kom til Oslo budde han ei tid mellom uteliggjarar der han fekk mange vener. Etter kvart fatta Oslo kommune interesse for denn høvdingen og tilbaud han jobb som solsialarbeidar. Han enda sine dagar som tilsett i Oslo kommune med god løn og leilighet på Stovner.

  2. Det hadde vore meir enn spennande med ein film om Tjerand. Eg har bare såvidt vore på overflaten i ein kort omtale og om ein spesiell hending.

  3. Heisan
    En liten hilsen fra Geir Hjørnevik og kona (hanne), Har sendt deg venneforespørsel på face,håper du godtar!Leste innlegget du skrev om svigerfar….syns det var veldig fint og det stemte :)Hils mamman din fra oss:)

  4. Takk så mye. Det er klart jeg godtar din venneforespørsel. Mammaen min døde i august i fjor. Hun ble 95 år. Jeg er sikker på at hun ville satt pris på hilsenen.

Legg igjen en kommentar