Magi over Røldal

Stikkord

,

Det høgtid ved Røldalsvatnet, det var mellom anna her pilegrimane kom i land for hundrevis av år sidan. ( foto Jan Åge Stengårdsbakken )

Tung, grå himmel, spegla seg i Røldalsvatnet denne seine junikvelden. Det var to dagar før Jonsok, kvelden bar bud om at fortid og samtid kom saman. «Den lange vegen», ei reise som hadde var i hundrevis av år, var framme ved førkvelden til det store spelet. Til reisens slutt, til det heile skal vera ein pilegrimsfest for alle brotne armar, føter og sjeler. Slitet. De kom frå alle himmelretninger .Dei kom frå Telemark, Hardanger og Ryfylke. Og frå meir fjerne stader. I all slags utgåver.
No kom dei kom for å hylle fleire hundre år med slit og håp.
Og ingen veit kor mange som sleit seg ut, som blei liggjande på den lange vegen.
Konserten ved Røldalsvatnet handla om dette, dette og. Det starta med ein nær utenomjordisk vakker
song frå Helene Bøksle, akkompagnert av dei utrulege musikerne frå Haugalandet. Også denne vakre songen var som ein ouvertyre over som skulle komme. Som resten av musikken og tekstane var laga av Gunn Gravdal Elton.

Seinare gjekk det i eitt i to timar frå scenen, med lokale krefter i kostymer. Røldalskoret gjorde det godt , både som songkor og som kulisser. Tuva Lutro og Siri Elton. Roger Lynghamar. Lars Karlsen, Oddbjørn Lynghammar, Torvald Kambestad. hadde rollar som dei gjorde skikkeleg godt.
Nokon av amatørane var nesten på høgde med dei to profesjonelle songarane, Helene Bøksle og Leif Jone Ølberg.
Musikken sto desse for på ein glimrande måte:
Torbjørn Økland , gitar, Nils Økland, feler, bass Kjetil Olei Lundø, trommer Kim Cristher Hylland, tangentinstrumenter Halvor Lillesund.
Men alle var med. Og likevel. Det er Gunn Gravdal Elton som i minst to år har skreve musikk, laga tekster , hatt ideen og ikkje minst krefter til å få denne forestillingen til.
Til neste år skal heile spelet setjast opp i Røldal.