Stikkord

, , , , , , , , , , , , , ,

Sterke krefter

Sterke krefter

Skredet på Bleie i 1994 var eit tusenårskred, ingen hadde opplevd noko slikt. Gjertrud Bleie vart gravlagd på kjøkenet, Lars – mannen blei sopt tvers over stova. Skredet kom uten varsel, snømassane kom ramlande fra Folgefonna, durte over flatane på Reiseter (Reisete)og fortsatte over kanten ned mot Bleie. Ingen hadde opplevd noko slikt. Det var minst 1000 år siden sist. For 200 år sida stogga eit liknande skred på kanten etter ha sklidd over flatane.

Gjertrud låg fastklemd under hardpakka snø, Lars fekk vridd av seg sokkar og sko og hadde eit kutt i panna. Hjørdis Ingeborg var i andre høgda og kom seg vettskremd klar av det meste reint fysisk. Men alt var eit kaos. Hjå grannen Arnhild Bleie var huset redda av eit digert tre. Og draumen Arnhild hadde hatt like i forvegen, stemte. Seinare den vinteren tok eit anna skred mesteparten av fruktrea som ho eigde lenger sør.

Skredet gjorde en voldsom skade

Skredet gjorde en voldsom skade

Ein annan granne ble råka av skredet med like stor kraft. Han visste ikkje ordet av det før han fann seg sjøl i kjellaren. Og huset blei slått av grunnmuren, det sto på skakke nærmast ute på eit jorde. Skredet stogga i riksvegen. Ingen hadde mista livet.  Og det var tross alt det viktige. Under hardpakka snø og knust matriale låg ein ukjent mengde av kulturhistorisk verdi. Lars og Gjertrud hadde samla i årevis på ting med kulturhistorisk verdi. Seinare, når våren møysommeleg fjerna snø og is tok folk i Vikebygdkrisen, gamle og unge, i ferd med å rydda. Mesteparten under snøen var ødelagt. Men ikkje alt. Torsdag 27.januar 1994 vart Bleie råka av 1000 årsskredet. I Hardanger denne vinteren vart riksvegane stengd av skred 340 gonger.

På reet over Bleie, på Reiseter, vart det seinare reist ein skredmur. (På bildet huset til grannen.  Han ramla frå toalettet og ned i kjellaren)