Stikkord

, , , , , , , ,

Kristin Eide med bukken sin, 65 kilo og glimrande som julemiddag. (foto Vidar Enerstveit ?)

Kristin Eide med bukken sin, 65 kilo og glimrande som julemiddag. (foto Vebjørn Enerstveit ?)

Første jaktdag, like over Ravnaberget, smalt det og ein villreinbukk gjekk i den steinete bakken. Bukken blei felt av ei kvinne som var omlag seks månader på veg.  Barnefaren var på veg i ein annan veg,  i Hardingslepo frå Espe til Litlos. Sjøl hadde Kristin Eide tatt fly inn til Litlos, det var for langt og tungt  å gå med overnatting i steinbu. Barnefaren Vebjørn Enerstvedt gjekk åleine. Og enno var han to timars gange unna. Då Kristin felte bukken var han omlag ved Krokavatnet i Sledalen. Men melding blei gitt «se til å få opp farten». Et par timar etter var han på plass og dermed hadde Kristin slaktar og berar på plass.

Det er ikkje første gong Kristin feller villrein, men ho har aldri vært på villreinjakt medan ho var seks månader på veg. Ho traff Vebjørn Enerstvedt året på eit villreinmøte, der skjedde det som ofte skjer. Det er ikkje berre jakt dei har til felles.

Kristin Eide er til dagleg journalist i Hardanger Folkeblad, tidligare har ho vært journalist i Haugesunds Avis, før ho gjekk til bake til HF. Ho har studert journalistikk i London. Villreinjakt har ho «studert» av slekta i Espe. I dag er det Kristin som eige den gamle hytta på Litlos, den som ligg nær opp til sjølve turisthytta. Hytta som Kristin eige no, kunne fortald mykje rart – særleg den gamle. Den kunne ha fortald om mellom anna frå møter mellom Helge Jak. Mæland og Ragnvald Børve. Men det var i ei anna tid. Den hytta blei reven og erstatta med ei ny i 1999. I 2016 er Kristin den første gravide kvinna som har felt ein bukk på Litlos. Ingen mann har klart det samme.