Stikkord

Gjesteskribent Kåre Rød, Sauda..

Bestefar var måtehalden med alkohol, men han meinte at alle som var med i slåtten, skulle ha øl, ikkje Lagerøl eller Olsen-driver, men mørkt og mektig Bayerøl. Ikkje alle vaksne syntest øl til ungar var greit, men kanskje hadde ein bestefar litt ekstra autoritet den gong? Som inhabil får andre dømma om eventuelle (u)heldige konsekvenser. Elles brukte han stort sett brennevin som medisin både på to- og firebeinte. Han var heller kritisk til «dyre dyrlegar», men hadde tru på Ove Hølland som sjølvlært veterinær. Ove som forresten hadde eit jordstykke på Espeland som han kalla Etiopia p.g.a. forma på jordstykket, kom alltid raskt på plass og var ikkje sein om å stilla diagnosen. Ove var jo uvanleg kunnskapsrik og må ha hatt eit godt «språkøyra» som han brukte då han vann jubilanttur til Italia (25 år på laboratoriet på EFP) Då bad han om å få reisa på eiga hand nokre månader etter dei andre fordi han då først ville læra seg italiensk. Han snakka også russisk, men det gjorde han neppe den vinteren då han redda hesten til bestefar ved å hella brennevin i han før det bar ut på ein hard køyretur. For eigen rekning vil eg hevda at det var synd at Ove ikkje brukte evnene sine på ein meir konstruktiv måte. I alt han skreiv, viste han ein kvass penn, klar tanke og humor, men også sterk aversjon mot alt som hadde vore innom rådhuset. Desse to annonsene fortel det meste om vår siste, store original eller Saudas illgjetne kranglefant, som han sjølv kalla seg.


ANNONSENE
Det mest unike er kanskje likevel då Ove fann namnet sitt som ein av dei næraste i ein dødsannonse. I neste nummer av Ryfylke hadde han eit slags dementi der han forklarte at han aldri hadde bede om å få namnet sitt i annonsen: «Jeg er dog ingen hykler.» Like fantastisk er Ove si velskrivne forteljing om då ordførar, Jan Edvin Birkeland, heiv han på dør etter utallige provokasjonar og parolar (på plakat eller via megafon) «Gjennom min tåkedis forekom damene meg å være noen av Saudas utellelig skarer av science fiction glamourteenagers. Ordføreren kom som en tiger og grabba tak i meg. På krykka, med ryggsekk og mine 80 år på nakken våget jeg ikke ta opp kampen mot Birkeland. Men lysten til å slåss følte jeg like sterkt som i mine guttedager. Jeg må sannelig få takke ordføreren likevel, for han fikk blodet i kok på meg så jeg ble varm helt ned i den iskalde venstrelabben min.» Dette var dagens avsporing i både tid og rom.
Eit høgdepunkt på varme dager var då bestefar måtte kjøla seg ned i bekken, rettare sagt i Kvednahølen ved sida av huset til Sigvald Romsø. Publikumsframmøtet var jamt godt då han heiv seg uti og nærast fylte heile kulpen, og han brydde seg lite om stil og badeantrekk. Han var ein grovarbeidar og brydde seg ikkje om å bruka hanskar, ikkje eingong då han strekte hesjastrengen med tallause kvasse knutar. Sunt kosthald og mykje energi resulterte også i ei ekstra slåttonn på stølane når alt rundt dørene var klart. Når han høyrde om noko nytt eller gale på fabrikken, hadde han eit fast uttrykk: «Det hadde aldri skjedd i Blegen si tid.»

Svært få hadde telefon på 50-talet, og i eit Ryfylke frå 1952 (Pris : 15 øre i laussal eller 5 kr. I 1955 8 kr innanlands og 16 kr utanlands) ser eg at Magnar Brendemo står oppført med telefonnummer 77, og min enkle logikk fortel då at talet på telefonar i Sauda var under 100? Lokalavisa avslører i 1956 at til dømes Sauda Fargehandel har fått 4-sifra nummer, og då var det jo ganske greit å huska dei 2-3 nummera du hadde bruk for. På dei aller fleste gardane hadde dei telefon, og både famile og naboar kom for å ringa eller endå verre, nokon ringte for å snakka med ein fjern nabo. Eg har framleis eit bilde av bestefar på tresko utover vegen på holkå midtvinters for å henta nokon. Dei fleste hadde nok ei bøsse eller sparegris ved sida av telefonen slik at gjestene skulle bli med og spleisa på telefonrekninga som var relativt høg. Kvar gong bestefar fekk rekninga, trua han i klartekst med å kvitta seg med heile apparatet. Det var vanleg å ringa ein sentral som kobla samtalen vidare, og sentralborddamene hadde ord på seg for å vera svært godt orienterte om det meste. Den mest kjende sentralbordvitsen går slik: «Nå lytter gamla igjen.» «Nei, det gjør je itte de.»

Dette er ein forkorta utgåve