«Farvel til Odda»

Stikkord

, ,

Dette diktet blei skrevet 5.mars i 1942 under ein fangetransport som Gestapo hadde arrangert frå Odda til Bergen, kanskje lenger. Diktet som er fullt av følelser frå ein mann som ikkje visste om han fikk nokon heimreise. I sin frykt for kva som ville skje med ham, i djupna av si sjel, fann han dei finaste ord og følelser han kunne uttrykke.
Hardanger Folkeblad trykte diktet 4. juli 1945. Det hadde ingen underskrift. Vi veit ikkje kven han var eller korleis skjebnen hans blei. No 82 år etter helsar han til oss.

Eg reiser i dag – som på daglegdags tur
– til Bergen, og kanskje litt lenger.
Men ingen skal kalla meg redd eller sur
om so eg skal hamna med ryggen mot mur –
eller vri meg for tampar og tenger.

Eg fekk ikkje mykje av stilling og stand
– og aldri om dette eg drøymde,
Eg fekk ikkje gull or den rausaste hand,
men kjærleik det fekk eg til folk og til land
– ein kjærleik som aldri eg gløymde.

So sjiljast me no, eg lyt sjå meg i kring,
og otte eg øygnar hjå mange.
Dei tagale står i den rådlause ring –
og ingen kan lyfta ein liten fing
for å fria ein stakkars fange.

Eg kjenner at folket står bak meg idag
so trøytt av å tola og lida.
Eg ser kor dei stansar i matstrev og jag,
eg ser kor dei fylkar seg fast om vårt flagg,
for fridom og framtid å strida,

Eg elskar det fjell som med solgull og kvitt
mot bleiknande blåner fløymer.
Og fjellet er landet; og landet er mitt,
og landet må atter bli storgjevt og fritt –
– slik som me i stilla me drøymer.

Eg sender ei helsing i tanke og dikt
til kona og borna so kjære.
Eg takkar for hugnad i heimen og slikt,
eg takkar gleder og hjartelag rikt,
de lever i tanken so nære.

Eg sender ei helsing til fjell og til fjord
– til byen her djupt eg har røtast.
Eg sendar ei helsing – eg gjev ikkje ord
– til trufaste vener frå åra som for
– i fridom me atter skal møtast.