Stikkord

, , , , ,

N.O.Røgenæs av Haugesund. Eg og bakstørna låg heilt akterut.

N.O.Røgenæs av Haugesund. Eg og bakstørna låg heilt akterut.

Eg blei banka opp. Skikkeleg. Eg grein ikkje, men eg hadde lyst. Eg var enno ikkje fylt 16 år og eg hadde gløymt bakstørna. Vi hadde nettopp gått ut frå  Newport News i Vest-Wirginia i USA, eit møkkete kaiområde, vi lasta kol. Heile båten var svart og møkkete. Det digre havneområdet var fullt av lastebåtar som vi sneik oss i mellom . Og eg hadde gløymt bakstørna mi. Eg  veit ikkje om det var andre eller tredje turen til Newport News, men eg hadde vært i land dagen før og lokka blei utpå av eit par skipskompisar. Eg hadde drukke meg full for første gong og hadde stått opp medan eg kasta opp, sjøvakta skulle starta opp i dag og eg var pengelens og fyllesjuk og låg an til frivillig til å havna i havnebassenget. Eg lurte han av – rett og slett. Og det var det dummeste eg kunne gjøre. Ein lang og tynn fyr som bare kaltes «Stavanger» kom illsint inn på lugaren min og treiv tak i meg. «Du har ikkje tatt vaskejobben(bakstørna) din f…. idiot, ka i h….din fo…., trur du at du sleppe unna, din fuckens («Stavanger» hadde seilt før) drittsekk, sa han og tok til å denge laus på meg. Eg prøvde å ta igjen, men då blei det endå verre. «Stavanger» var tre år eldre enn meg og hadde status som matros, men hadde lønn som lettmatros. Eg hadde vondt i hovudet og  ba til sist om nåde og vel så det. «Eg skal gje den ein sjanse hvis baderommet er ferdig vaska om ti minutter, din j….drittonge, gaulte «Stavanger» og eg satte i gong. Eg klarte det. Men eg fortalde det ikkje til nokon. Ikkje at eg blei banka opp, kjefta på, at eg lurte han av. Eg skjems.

Eg og «Stavanger» kom godt overens. Og eg skjøna at eg hadde hatt godt av juling den gongen. Eg fekk lære at du måtte gjere jobben din, om du var aldri så fyllesjuk. Er det din jobb, så er det din jobb. Ikkje nestemann sin.

Det er meir enn  60 år sidan og mykje har eg gløymt fra tida ombord i DS N.O. Røgenæs av Haugesund, men eg har ikkje gløymt den fortjente julinga eg fekk av «Stavanger».